Driftsresultatet er nær dobla frå same kvartal i fjor, då det var på 1,3 milliardar kroner.

Trass i ei rekkje operasjonelle og finansielle rekordar meiner Mowi at deira tredje kvartal vart overskygd av grunnrenteforslaget frå den norske regjeringa på 40 prosent på havbruk.

Saman med selskapsskatt blir skattenivået ifølgje laksegiganten 62 prosent.

– Havbruksnæringa er ein distrikts- og framtidsnæring vi som nasjon fram til no har ønskt å vekse. Eit skattenivå på 62 prosent vil derimot sparke bein under desse ambisjonane. Dramatisk auka skattekostnader for næringa vil gå ut over framtidige investeringar og føre til at utviklinga av landets nest største eksportnæring og ikkje minst viktigaste distriktsnæring stoppar opp, seier konsernsjef Ivan Vindheim i Mowi.

– I praksis står vi overfor ei overføring av verdiar frå kystsamfunna til sentrale strøk vi aldri tidlegare har sett, seier han.

Selskapet held fast ved at dei vil stanse alle framtidige strukturelle investeringar i Noreg inntil skatte- og rammevilkåra endrar seg.

(©NPK)