2,26 prosent har stemt blankt i Vågsøy-delen av Kinn.

Valdeltakinga i nord var på 65,61 prosent.

Fleirtal for å bli i sør

I Sør-Kinn vil 42,7 prosent dele kommunen, medan 54,92 prosent vil bli i Kinn kommune. 2,38 prosent har stemt blankt.

Valdeltakinga i sør var på 47, 25 prosent.

Resultatet i Nord-Kinn Foto: Kinn kommune
Resultatet i Sør-Kinn. Foto: Kinn kommune

Forklarar det mellombelse resultatet

– I tabellen som blei publisert 1. september blei tala frå Skavøypoll og Raudeberg krins bytta om ved ein feil. Differansen mellom kryss i manntal og røyster totalt er grunna at framandrøyster ikkje var krinsfordelt i statistikken vår. Dette er no retta opp i, skriv Kinn kommune på sine heimesider.

Jamt for heile Kinn

Når valresultatet fredag er godkjent, og ein ser på resultatet for ein samla kommune, vil 49,14 prosent behalde Kinn, medan 48,52 vil dele opp kommunen. 2,34 prosent har stemt blankt.

Valdeltakinga totalt er 52,9 prosent.

Resultat heile Kinn kommune. Foto: Kinn kommune

Forklaringa på avviket mellom totalt kryss i manntal og røyster totalt - gjeld førehandsrøyster, forklarar kommunen.

– Det føreligg eit avvik på 12 røyster mellom totalt kryss i manntal og røyster totalt. Dette kan forklarast ved at det ved mottak av førehandsrøyster har skjedd at veljar ikkje har blitt kryssa i manntalet, skriv dei.

Valresultatet er godkjent av valstyret 02.09.22.

Endringslogg: I en tidligere versjon av denne artikkelen hadde vi skrevet at det var 7,14 prosent blanke stemmer i nordre del av Kinn. Det var en tastefeil der vi hadde rett og slett hadde sett på feil linje i tabellen for Nord-Kinn. Tabellen fra kommunen er vedlagt denne saken.