Stemplar ut med Arnfinn Kolerud stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 29. september.
Things to do
Dei små kattepusane på Hakallegarden ser ut til å ha det godt. Timeplanen er full av kosetimar. Ungar frå Stryn og Flatraket og Gurskebotn står i kø for å klappe og klø. Kattane får ligge i fang og male og bite i små fingrar. Når dei ikkje har kosetime, har dei kviletid, står det på eit skilt. Ein time midt på dagen må dei få kvile ut mellom all kosinga.
Noko liknande, eller kanskje verre, skjer med Dubrovnik og Barcelona. Byane er offer for overturisme. Rike nord-europearar kjøper opp bustader i Barcelona og presser opp leigeprisane, slik at spanjolane sjølve ikkje har råd til å bu der. Den kroatiske byen Dubrovnik tok i mot 529 cruiseskip i fjor. Gamlebyen er så nedtrakka av turistar, opp mot åtte tusen dagleg, at myndigheitene vil halvere talet. Gamlebyen i Dubrovnik treng kvile, like mykje som kattane på Hakallegarden.
Men det er jo dette vi vil ha: Ei strand med sol over. Gammal, fotogen arkitektur. Eit lite dyr med silkemjuk pels som bit oss i ein finger. Så protesterer altså spanjolane. Og kattane på Hakallegarden får ikkje tid til å gjere slikt kattar skal, som å jakte på sin eigen hale.
Kanskje vi må endre vanane våre? Like ofte som vi reiser til ei strand, eller tar bilde av romersk stein eller klør ein katt, kan vi pålegge oss sjølve å oppsøke skugge, fotografere gråstein og klø eit dyr som ikkje blir klødd. Så går det opp i opp. Kanskje spyttelamaen sluttar å spytte om den blir klødd meir?
Sjølv var eg nyleg i gamlebyen i Split, mellom busslastar av turistar. Der var det mange fine smug og god akustikk, men lite som festa seg til minnet. Same dag var eg innom det vesle museet Froggyland som står litt lenger ned på Things-to-do-in-Split-lista. Det er ei samling med fem hundre utstoppa froskar, ferdigstilt i 1920, laga av ungararen Ference Mere. Han brukte ti år på å fylle froskane med kork og framstille dei i menneskelege positurar. Inne i glaskamra, godt skjerma for turistfingrar, kan du sjå froskane spele basketball, ro på fjorden, drikke seg fulle, gjennomføre ei rettssak og slå kvarandre med linjalar i ein mattetime.
Passe sjukt, altså, og eit godt alternativ om du ikkje får legge til kai i Dubrovnik.