Motorsportgruppa i id­retts­la­get Frøy kan ik­kje tru sin eig­ne auge. Frå open dag i mai har med­lems­ta­let auka frå rundt 10 ak­ti­ve til snart 80.

– Vi opp­le­ver ein enorm vekst, og det er vi kjem­pe­for­nøg­de med, sei­er lei­ar for grup­pa Har­ry Gu­le­støl.

Gu­le­støl pre­si­se­rer at med­lems­ta­let ink­lu­de­rer både barn og vaks­ne, for det er slik i En­du­ro-spor­ten at barn og unge må vere ifølgje med ein vak­sen på tre­nin­ga­ne.

– Så tala vi­ser alt­så då at det­te er noko ung­dom­men har latt seg freis­te av?

– Ja, ab­so­lutt. Vi har 22 barn i al­de­ren 5 til 9 år, og 18 barn i al­de­ren 9 til 16. Av dei over 16 år er rundt 11 også ak­ti­ve køy­ra­rar, for­kla­rer Gu­le­støl.

Dei fles­te er frå Kal­våg-om­rå­det, men Gu­le­støl for­tel at også and­re har meldt si in­te­res­se.

– Vi job­bar der­for med å få til eit sa­mar­beid mel­lom motorpsportklubbane i Kal­våg, Svel­gen og Flo­rø, slik at med­lem­mer i ein klubb fritt kan rei­se til dei and­re stadene på tre­ning, for­tel han.

Les meir i Fjordenes Tidende si onsdagsavis.