Om nokre veker begynner Casper (6) på Bryggja skule. Foreldre og bebuarar langs vegen på Bryggja ber no om lågare fartsgrense i bustadfeltet.

– Vi er redde for at det skal skje noko forferdeleg langs denne gata, vi har ingen barn å miste, står det i brevet til Vågsøy kommune som 56 personar har skrive under.

I brevet ber bebuarar på Bryggja om at den nær 2 kilometer lange vegen gjennom bustadfeltet frå tunnelen til krysset ved riksveg 15 får redusert fartsgrensa frå 50 til 40 km/timen, samt får på plass fartsdemparar.

Bekymra for skulevegen

– Det gjer ikkje noko om det blir lågare fart. 6-åringen skal til på skule til hausten og skal gå denne vegen, seier Elisabeth Vambeseth, som er mor til seksåringen Casper Vambeseth Bakke som må gå denne vegen om nokre veker.

– Det er ingen som tapar noko tid på å køyre i 40 i staden for 50, seier far Geir Bakke.

Bebuarane viser til at det dagleg er bilistar og tungtransport som køyrer over fartsgrensa.

– Det går for fort med enkelte, seier Stig Petter Midtbø.

– Det er ikkje noko særleg, legg Steinar Kvalheim til.

Han har også barn i barneskulealder som går denne vegen til skulen.

Meir trafikk

Kvalheim meiner også at trafikken har auka sidan Bunnpris-butikken på Bryggja blei flytta til riksveg 15 i fjor. Strekninga frå tunnelen og forbi der den gamle butikken stod er vegen svingete og smal på enkelte parti, noko som gjer at folk held farten nede, trur bebuarane.

Men når bilistar kjem til den beine strekninga, så aukar farten. Det er mellom anna her dei no ber om å få fartsdumpar.

I brevet til kommunen blir det vist til at pleiarane ved Bryggja Omsorgssenter brukar vegen som turveg for eldre, og at dette er ein risikosport.

– Ein må hugse på at dette er ein skuleveg, og at mange går tur på denne vegen, seier Kvalheim, og viser vidare til at det ikkje finnast gangfelt for dei mjuke trafikantane.

Ei 40-sone og fartsdemparar trur dei vil hjelpe.

– I ei 40-sone køyrer folk gjerne i 38, medan i ei 50-sone, så køyrer folk gjerne i meir enn 50, seier Kvalheim.

– Det er jo eit bustadfelt, og det er same sone som på riksveg 15. Ein kan samanlikne det med Måløygata, seier Ria Pedersen, og viser til Gate 2 (nord) i Måløy som fekk redusert fartsgrensa frå 50 km/timen til 30 km/timen for to år sidan.