I ei undersøking som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjort i vinter avdekker at det er ein del kommunar som ikkje har naudstraumsforsyning på alders- og sjukeheimar.
Ut frå resultatet av undersøkinga meiner vi og at planane for å handtere straumbrot i helse- og sosialtenestene ikkje er gode nok i ein del kommunar.
- Vi håpar og trur at konferansen som Fylkesmannen og Helsedirektoratet har invitert til denne veka kan vere eit steg på vegen til å betre på dette. Liv og helse skal vernast og sosiale tenester skal oppretthaldast på både godvêrsdagar og når storm og nedbør slår til. Det kan det kanskje vere på sin plass at vi frå tid til annan minner kvarandre om. I sin ytste konsekvens handlar jo òg kommunale tenester om liv og død, seier fylkesberedskapssjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.
Fylkesmannen går førebels ikkje ut med kven som manglar denne type beredskap.