Klippfiskgruppa i Måløy har gitt over 200.000 kroner i arbeidet med å finne ei permanent løysing for Fiskerimuseet, som Kjell Oldeide håpar å ha innan eitt år.

Les også: Skal få historia fram i lyset

– Vi har fått overført frå Klippfiskgruppa i Måløy 211.936 kroner og 2 øre. Det er fantastisk at dei gir blanke pengar til Fiskerimuseet, seier Kjell Oldeide.

Han er ein av eldsjelene som jobbar for å restaurere eit fiskerimuseum i Måløy og trur på ei løysing i løpet av eitt år.

– Ja, vi håpar at når museet kan stille med ei slik eigenkapital på bok, vil både Vågsøy kommune og ikkje minst fylkeskommunen skjønne at her meiner vi alvor. No treng ein å få dette på plass, brette opp ermane og finne kontantar, seier Oldeide.

– På vegner av Fiskerimuseet og eldsjelene bak det å skape ei maritim kulturutvikling og fiskefestival, så er eg overlykkeleg for at dei betrur oss pengane og at vi får denne fantastiske starthjelpa, seier Oldeide.

Pengane kjem frå eit fond som klippfiskgruppa hadde, og sidan det ikkje er meir klippfiskproduksjon i Måløy har dei bevilga pengane til museet. Pengane er sett på Måløy Havfiskefestival sin konto, og skal brukast til å lage eit permanent fiskerimuseum som rommar alle gjenstandane.

Les også: Vil ha alt samla

Les også: Fiskar etter meir folk

Heile saka stod i papirutgåva måndag 27. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende