– Den første tida vil ikkje kundane merke anna skilnad enn fargane på skilta. Vintervarene var allereie tinga då omprofileringa vart bestemt. Men til vårsesongen blir det litt nytt vareutval. Vi vil tilby meir «High end»-varer, det blir meir faghandel, seier Flølo.
Han nemner klesmerka Patagonia og Houdini, og Nakamura-syklar, som nye merkenamn i butikken. I omgrepet «High end» ligg litt meir eksklusivitet.
– Alt av basisvarer blir det same. Det blir litt fleire varer. Butikken skal bli minst like bra, seier innvikaren som har drive G-Sport-butikk i Måløy i 16 år.
Butikken blir stengd torsdag og fredag denne veka. Laurdag blir det nyopning med sal.
Skiftet frå G-Sport til Intersport er ein del av ei landsomfattande omprofilering som følgje av at Gresvig, som eig begge kjedene, ynskjer å skille ut dei største butikkane i G-Sport og G-Max, medan dei mindre blir Intersport.
Ifølgje Flølo blir det ikkje G-Sport-butikkar att i Sogn og Fjordane.
For fire år sidan flytta Flølo butikken frå Måløy sentrum til 500 kvadratmeter i Deknepollen. Flyttinga har vore vellukka.
– Vi trengte større plass. Etter at vi flytta har butikken gått bra. Både 2015 og 2016 var gode år. 2017 blir ikkje like bra sidan snøen svikta sist vinter.
Omsetnaden i 2016 var 7,9 millionar.
Det er ein kjent utviklingstrend at sportsbransjen slit med pressa marginar som følgje av etablering av store varehus, samt netthandel.
Flølo seier dei merkar denne utviklinga også i Måløy.
– Men vi har stor tru på at det vil finnast ein marknad lokalt også i framtida. Måten vi kan overleve på er å tilby høg fagkompetanse og god service.
Han reiknar ski og fiske som sine spesialområde.
– Det er mine eigne hobbyar, seier mannen som tidlegare var aktiv telemarkkøyrar.