Hovudredningssentralen sende ut redningsskøyta då ein vasscooter blei funne drivande, men dei fann ikkje teikn til at vasscooteren hadde vore i bruk. Redningsleiar ved HRS Sør-Norge, Andreas Bull, trudde den kan kunne ha ramla av ein båt.

– Om ein skal prøve seg på ein teori trur vi at vasscooteren kan ha ramla av ein båt. Vi kan ikkje sjå noko på den som kan tyde på at den har vore i bruk. Det ser meir ut som den har stått bak på ein båt, og så har den slite seg, sa Bull til Fjordenes Tidende laurdag kveld før eigaren hadde meldt seg.

Vasscooteren blei oppdaga laurdag kveld utan for Stålet ved Honningsvåg på Stadlandet.

Eigar melde seg

Etter at Fjordenes Tidende publiserte artikkelen melde ein eigar seg.

– Eigar har meldt seg. Sigla forbi Stad om lag klokka 15 og har mista vasscooteren, opplyser redningsleiar Bull.

Ingen hadde meldt seg

Redningsskøyta oppdaga at det låg ein kost på sida i vasscooteren og ei straumleidning som ser ut som ei leidning som båtar bruker når dei ligg til kai. Leidningen var kveila rundt rattet.

– Har ein eigar meldt seg?

– Nei, det er litt rart at ingen har meldt seg. Vi har prøvd oss på politiet og andre, men ingen har høyrt noko, seier Bull.

Ønskte tips

– Vi tar gjerne imot tips frå publikum, om nokon har sett noko eller kjenner igjen vasscooteren, sa Bull laurdag kveld.

Om dei ikkje hadde klart å finne eigaren, ville vasscooteren ha blitt hittegods.

Men eigaren meldte seg ved midnatt.