– Det er ulike verkelegheitssyn mellom bebuarar og fiskarar. Eg trur det er utruleg viktig med eit treffpunkt som dette der ein faktisk set seg ned og snakkar ilag om kva dette fisket er, kvifor det blir drive og at fiskarane får høyre korleis bebuarane opplever det, seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Stad for Venstre, som kom på besøk til Vanylven kommune fredag.

På ein del av programmet stod eit ope møte der fleire tema vart tatt opp. Eitt av dei var lysfisket i Vanylvsfjorden, og Bjørlo seier at han kom for å lytte og lære.

– Bebuarane fortel heilt sikkert om reelle ting når dei har sett daud fisk i fjorden og at lyset er plagsomt. Det er ikkje noko dei finn på, det er reelt, seier Bjørlo etter møtet.

Vanylven kommune med ordførar Lena Landsverk Sande i leiinga inviterte stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) til møtet der lysfiske i Vanylvsfjorden vart tatt opp frå ulike hald. Foto: Siri Kolseth

Kva må ein leve med?

Han meiner at ein må greie å rydde og sortere det dette handlar om.

– Kva er det vi kan få slutt på? Kva er det som ein nær sagt berre må leve med. Her må ein til med dialog, det er eit såpass krevande tema, seier Bjørlo.

Han trur at det arbeidet Vanylven saman med nokre andre kommunar har sett i gong med å få meir kunnskap om lysfisket dessutan er veldig bra. Kommunane har engasjert Runde Miljøsenter AS som skal arbeide opp eit kunnskapsgrunnlag som seier noko om kva fiskestammar som faktisk finst i fjordane.

– Kvifor flyttar desse fiskane på seg? Kva er årsaka til at ein ser at fangstar endrar seg i fjordane. Er det på grunn av lysfisket eller er det på grunn av at det kjem svære mengder makrell, som er ein rovfisk, inn i fjordane? Ein må få på plass meir kunnskap, seier han.

Steile frontar

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven seier at det er sterke frontar i saka om lysfiske i Vanylven og at det er grunnen til at dei tok det opp.

– Det er viktig at vi snakkar oss saman, seier ho.

Ho fortel om skitslenging på nett og at folk opplever at dei blir kritiserte for å gjere jobben sin. Det er innbyggarar som seier at dei ikkje får sove om natta på grunn av lys og støy, mens andre er bekymra fordi det flyt daud fisk på sjøen som luktar ille.

Fjordenes Tidende har også skrive om problematikken relatert til Kjødepollen og Nordfjord.

– Må finne løysingar

Ole Morten Sorthe som kom frå fiskarlaget er opptatt av at alle forsøker å finne fram til best moglege løysingar som ivaretar alle partar.

– Eventuelle reguleringar må skje i samarbeid med fiskarane og sameksistens må skje gjennom dialog, seier Sorthe.