– Eg blei ringt opp av fylkeskommunen som ville bruke vårt prosjekt som eksempel i ein presentasjon av Liv og Lyst-prosjektet. Vi blei invitert til å komme til presentasjonsdagar både i Bergen og på Skei, og det var kjekt å få vise fram det vi jobbar med, seier leiar i Liv og Lyst Ålfoten, Bjarte Myklebust, til Fjordenes Tidende.

Prosjektet som Myklebust er leiar for handlar om å auke trivselen og veksten i Ålfoten, og bygdelaget har fått 80.000 kroner frå Liv og Lyst Vestland som forprosjektsmidlar. Desse pengane er omsett i mange ulike tiltak gjennom det siste året. I desember blir det avgjort om bygdelaget får fleire midlar til å fortsette prosjektet i nye tre år.

Dersom Liv og Lyst Vestland bestemmer seg for å ta Ålfoten-prosjektet vidare, vil prosjektgruppa få 390.000 kroner til, fordelt over tre år. I tillegg skal kommunen bidra med 30.000 kroner per år over samme periode.

– Det er klart eg er spent på kva som skjer i desember. Vi har mange planar vi vil jobbe vidare med, seier Myklebust.

Avgjerande å få med seg heile lokalsamfunnet

– Noko av det viktigaste er at ein klarar å få folk med seg, og få eit lokalt engasjement der heile bygda er med. Det er jo lokalbefolkninga som skal bestemme kva eit slikt prosjekt skal innehalde, seier Kjersti Soggnes til Fjordenes Tidende.

Ho sit i arbeidsgruppa til Liv og Lyst Vestland på vegner av fylkeskommunen.

– Liv og Lyst-prosjektet i Ålfoten består av ei veldig breitt samansett prosjektgruppe. Vi i arbeidsgruppa besøkte Ålfoten i sommar, og likte det vi såg. Vi valde ut Ålfoten-prosjektet som eit godt døme til konferansane i Bergen og Skei. Poenget med desse konferansane og nettverkssamlingane er jo at dei som deltar skal få tips og idear med kvarandre og bli inspirerte, seier Sognnes.

Mange av dei som deltek er representantar frå kommunar og frivillige lag og organisasjonar som vurderer å søke om midlar.

– Har jobba etter metodikken vår

– Har Liv og Lyst i Ålfoten klart å engasjere heile lokalsamfunnet?

– Det har dei så absolutt gjort. Det er ganske imponerande det dei har fått til på det eine året dei har halde på. Dei har hatt arrangement der det har møtt over dobbelt så mange som talet på innbyggarar i bygda. Dei har hatt mange arrangement der ein har fått med seg alt frå barnehageungar opp til dei eldste i bygda. Prosjektgruppa har verkeleg jobba etter den metodikken som vi har.

Soggnes meiner det er viktig at mange er med i prosjektgruppa.

– Det er viktig for at ein ikkje skal slite seg ut og for at ideane skal få myldre. Her skal ein dra lasset saman for bygda si, og det gjer gjengen i Ålfoten.