Noko rørte på seg i krabbeteina som stod på kaia ved Monsebuda på Silda.

– Det var nok nokre restar av agn som hadde freista skjæra, seier Einar Rune Sætren, som er faren til Harald.

Og skjæra sat fast inne i teina og ville ikkje ha klart å komme seg ut på eiga hand. Men med fin innsats av Harald kom fuglen frå det med skrekken.

Han klarte å få henne roleg ut av teina og slapp henne fri slik at ho kunne fly vidare på jakt etter mat ein annan plass.