Det var på tur frå Oldeide til Husevågøy at den nye bilferja til Fjord1 Fylkesbaatane, ”Vågsøy”, gjekk på grunn ved Husevågøy ferjekai.
Passasjerar som var om bord, og som Fjordenes Tidende har snakka med, seier at dei høyrde og merka eit dunk før ferja grunnstøytte og vart ståande fast ved sida av ferjekaia.
Årsaka til grunnstøytinga er ikkje kjend.
Det er ikkje meldt om personskade.
"Vågsøy" var ny i juli i 2009. Søsterskipet til "Vågsøy" er ferja "Davik" som trafikkerer sambandet Stårheim - Isane.
Fjord1 opplyser at "Vågsøy" har fått ein god del skader.