I sitt framlegg til statsbudsjett for 2015 foreslår regjeringa å auke statstilskotet til Opera Nordfjord med 792.000 kroner, frå 3,708 millionar til 4,5 millionar.

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, og Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik fortel at Kulturdepartementet ikkje krev at Fylkeskommunen eller kommunen aukar sin del av finansieringa for å løyse ut tilskotet, slik det har vore tidlegare når staten har auka sitt bidrag til kulturinstitusjonane i fylket.

- Opera Nordfjord leverer gode produksjonar med høg kvalitet, og er eit godt døme på at med lokal og regional dugnadsinnsats er det fullt muleg å levere profesjonelle kulturopplevingar og utanfor dei største byane, seier dei to.

- Dette er ei kraftig påplussing av støtta til Opera Nordfjord det er svært gledelig at regjeringa støttar opp om det flotte arbeidet som blir gjort i Opera Nordfjord, fortel Lødemel

Lokallagsleiar i Høgre, Eli Førde Årskog, og gruppeleiar for Frpi Eid, Lars-Svein Drabløs, er godt nøgd med tildelinga frå regjeringa, og påpeiker at dette er ei satsing ein har spelt inn frå begge partia til budsjettarbeidet.

Drabløs som og sitt i Hovedutval for kultur i fylkeskommunen, seier at det var viktig at den auka støtta til Opera Nordfjord kunne komme uavhengig av fylkeskommunen sitt bidrag, ettersom kultursektoren i fylket er inne i ein innsparingsprosess.

Årskog fortel at pengane kjem godt med for operaen med tanke på å fortsette å levere god scenekunst for innbyggjarane i Nordfjord og fylket.

- Denne auken er heilt korrekt i høve til den produksjonen som operaselskapet står for. Eg håpar at pengane blir til inspirasjon for alle dei som er glad i Opera Nordfjord enten dei er i produksjon, i Operaens Venner eller er publikum, avsluttar ho.

Statsbudsjettet vert lagt fram klokka 10.00 onsdag.