Wenche Kristin Røkenes tek i dag over som hovudtillitsvalt for sjukepleiarane i Helse Førde etter Randi Fagereng.

Det opplyser Helse Førde.

Fagereng har i fire år vore den øvste tillitsvald for sjukepleiarane i føretaket.

Røkenes jobbar i dag på Tronvik, Post 6 og har vore tilsett i Helse Førde sidan 2006.

Ho har brei erfaring frå mellom anna barnehage, hotell, skule, reinhald og omsorgsarbeid, før ho tok sjukepleiarutdanning og seinare vidareutdanning i rettleiing. No held ho på med Master/deltidsstudie.

Ho har vore tillitsvalt for NSF ved Tronvik fram til i dag. Elles har ho hatt verv i Fylkesstyret for støtteforeininga for kreftsjuke barn i ti år, åtte av desse som leiar.

Røkenes er også nyvald styremedlem til Helse Førde HF sitt styre, og tek såleis over plassen Randi Fagereng har hatt dei siste fire år. Fagereng avsluttar no etter fire år som føretakstillitsvald for å gå tilbake som sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus.

Randi Fagereng fortel at ho har mange gode minner frå åra som tillitsvald.

– Fleirtalet av dei eg har jobba med har hatt humor, noko som har letta jobben i dei ulike situasjonane ein som føretakstillitsvald kjem i. Det må vere slik, at ein kan spøke og ha det leveleg, sjølv om vi held på med seriøse tema. Unnataket er i dei alvorlege individuelle sakene, der legg begge partar humor på hylla, fortel Fagereng til Helse Førde.