Onsdag ettermiddag vart det slått brannalarm etter at ein bråtebrann kom ut av kontroll i Berle i Bremanger.
Ein person hadde informert om at han skulle brenne bråte, og hadde starta rundt klokka 12.00.
Rundt klokka 16.00 fekk alarmsentralen fleire meldingar om at brannen kunne vere ute av kontroll.
Brannvesenet på Hauge, Kalvåg, Berle og Davik vart kalla ut for å sløkkje brannen.
Operatør på Alarmsentralen, Jan Gunnar Holvik seier til Fjordenes Tidende at det var tørt mange stadar og kastevindar noko som førte til at brannen spreidde seg.
Klokka 17.15 onsdag ettermiddag var brannen ikkje under kontroll. Arbeidet med sløkking var i full sving.
Holvik kunne ikkje då seie noko om kor mange som var med på sløkkjearbeidet.
Ei stund var flammane 50-60 meter frå eit bygg.
Brannen var sør i Berle-bygda.