– Målet må vere at vi fyller gata med bord, ein 40 til 50 stykk, med alt frå tekstilar, koppar og kar, leikar og liknande, at det er sol og fint vêr, mykje aktivitet og at folk smiler og ler, seier Breidalen. Ho har fått løyve til å stenge delar av Gate 1 til formålet, anten helga før Måløydagane eller helga i etterkant.

Håpar å fylle gata

Sjølv vil Breidalen stille med tolv bord frå loppemarknaden og i tillegg har ho allereie fått ja frå ein fem-seks aktørar til som gjerne vil vere med. Men ho ønskjer at endå fleire skal bli med på å skape liv og røre, og at kjøp- og salgruppene skal flytte seg frå internett og ut i gata.

– Alle dei som har noko å selje kan bli med. Det einaste dei treng å gjere er å ha med seg eit bord og det dei eventuelt skal selje, om det er handarbeid, hobbyting, pynteting, koppar og kar eller kle og leikar, eller noko å bite i, forklarar Breidalen, og legg til:– Det er ein flott moglegheit for lag og organisasjonar å promotere seg sjølve, eller å tene nokre ekstra kroner til organisasjonskassa. Om dagen vert ein suksess er det ikkje siste gongen ho inviterer til marknadsdag. – Går det bra håpar eg å få til tre til fire marknadsdagar kvar sommar. Det er mykje jobb, men eg har mange gode hjelparar, seier Breidalen.

Inspirasjon

Marknadsdagen er eit samarbeidsprosjekt med handelsforeininga i Måløy. Leiar Bente Jørgensen er svært glad for initiativet.

– Dette er eit veldig godt tiltak. Måløy Handelsforening ønskjer at det skal vere ulike aktivitetar i sentrum og at sentrum er ein stad folk trivst. At Turid Breidalen tar initiativ til å arrangere marknadsdagar i gata set vi stor pris på og støtter opp om, seier Jørgensen, og legg til:– Her kan jo alle vere med, ein får rydda opp litt og selt unna ting ein ikkje treng eller får sal på ting ein produserer. Vi har plass til fleire som ønskjer å skape aktivitet i sentrum i tillegg til marknads- dagen.

Alle dei som vil kan bli med. Alt dei treng er å ta med ei bord.

Turid Breidalen