Stryn kom best i gong og leia 2-0 i toppkampen mot Tornado Måløy.
Men i andre omgang var det vågsøylaget som hadde kommandoen og som vann fullt fortent 4-2.
I tidlegare års oppgjer mot Stryn har Tornado Måløy starta best, men i år var situasjonen snudd på hovudet.
Tornado Måløy var like suveren i andre omgang på Måløy Stadion som dei har vore det meste av sesongen tidlegare i år.
Dermed stor vågsøyklubben på toppen åleine utan å ha tapt i år.
Stryn sjokkopna og scora etter berre to minutt ved Christian Holko. Same mannen laga 0-2 etter vel ein halvtime. Minuttet seinare scora heimelaget ved Martin Flåten.
Andre omgang var fire minutt gamal då heimelaget utlikna til 2-2 ved Sveinung Frantzen.
Fire minutt før slutt scora John Martin Gil, før Endre Kupen fastsette sluttresultatet til 4-2 to minutt før full tid.
Les sporten i papiravisa måndag 7. juni.