Odd Arne Mulelid er ikkje som 50-åringar flest.

Torsdag 3. juni, på sin eigen 50-årsdag, stilte han seg opp i Måløy sentrum med 50 liter vaffelrøre, eit dobbelt vaffeljarn og nokre blanke giroar.

Han feira dagen sin med å dele ut gratis vaflar. I tillegg sende han med alle ein blank giro der dei som ville kunne gje pengar til Måløy Idrettslag og trimløypa når dei kom heim.

- Her har eg tenkt å stå til eg blir kvitt røra, eller til kjerringa kjem og hentar meg, erklærte Mulelid.

Han meiner trimløypa er noko av det beste som har hendt, og det er grunnen til at han ville bruke bursdagen sin utanfor vinmonopolet til å samle inn pngar til dette føremålet.

Les heile saka i papirutgåva fredag 4. juni.