Ein person vart laurdag ettermiddag plukka opp av sjøen ved Slagnes i Vanylven.

Ein større redningsaksjon vart sett i gang då meldinga kom inn laurdag ettermiddag.

– Vi kan bekrefte at mannen er omkomen. Livet stod dessverre ikkje til å redde, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane.

Mannen i 60-åra var ifølgje politiet ute på fisketur i ein båt. Personar i nærleiken skal ha sett at mannen låg i sjøen, og ifølgje politiet skal han ha ropt om hjelp.

– Vitna køyrde ut med båt og fekk henta mannen opp frå sjøen. Det vart sett i gang hjarte og lungeredning, seier Avsnes til NRK.no.

Luftambulanse frå Førde, ambulanse og politi vart sende på staden. Dei prøvde med livredning, men livet stod ikkje til å berge.

Mannen vart henta på land ved Slagneskaia i Vanylven ved 15.30-tida.

Årsaka til at han ramla i sjøen er ikkje kjend.