Det har vore ein fredag med høge bølgjer og kraftig vind. Her er det rutebussen på veg til Oppedal i Vågsøy fredag ettermiddag som merka at bølgjene slo over den 20 meter inne på land.

Bussjåfør Kai Skavlid seier til Fjordenes Tidende at det har vore ein dag med mykje vind og eit frodande hav.

Han seier det har vore stor trafikk til Oppedal og Kannesteinen for å sjå på uvêret.

På Kråkenes vart det meldt full storm. Og sjøen har vore svært uroleg med høge bølgjer.

Klokka 18.00 var det ikkje meldt om ulukker som følgje av det dårlege veret.

Det er meldt at veret skal spakne utover fredag kveld.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.