I statsbudsjettet som vart lagt fram i går vart løyvingane til rassikring i 2015 redusert med 204 mill kroner, ein reduksjon på nær 20 prosent frå inneverande år.

Det betyr at etter fleire år med jamn auke i løyvingane, har den blåblå regjeringa satt bremsene på.  I 2014 er det løyvd 1.704 millioner kroner til rassikring på fylkes- og riksvegnettet. I budsjettframlegget for neste år er dette redusert til 1.510 mill.

- Dette er veldig skuffande og vil bety lengre ventetid på trygge vegar for mange innbyggjarar rundt om i landet, seier leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes i ei pressemelding.

Målsettinga for rassikringsgruppa er at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot rasfare innan 2030.

- Med den utviklinga i løyvingane vi har hatt dei seinare åra, har dette målet vore innan rekkevidde, seier Kjelsnes.

-  Budsjettframlegget i dag viser diverre at regjeringa Solberg ikkje har tilstrekkelege ambisjonar om å sikre at trafikantane skal kunne ferdast trygt på vegane våre innan overskueleg framtid.

Kjelsnes set si lit til at fleirtalet på Stortinget vil sikre at ambisjonen om skredsikkert vegnett innan 2030 framleis skal stå ved lag.