Regjeringa har løyvd 53 266 000 kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012.
Sogn og Fjordane får tildelt meir spelemidlar enn befolkningsrike fylke som Troms, Hedmark og Telemark. – Dette er svært gledeleg for alle innbyggjarane i fylket, seier rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett, Atle Skrede. Illustrasjonsfoto: privat