– Denne gongen er det fleire enn vi i Måløy som skal få oppleve ei unik stund med forteljarkafé, seier Bente Iren Vonheim ved Kraftstasjonen restaurant & kolonial.

Ho synest det er kjekt at ryktet om forteljarkafeen i Måløy har nådd NRK. Dei har kontakta Kraftstasjonen for å høyre om dei kan vere med for å filme.

Forteljarkafeen i Måløy har vore ein suksess gong på gong.

– Jarl er klar med nye historier og vi håpar å fylle lokalet på nytt, seier Vonheim.