Ulykka skal ha skjedd omkring klokka 11.30, og blei omtala som ei arbeidsulykke av politiet.

– Politi, ambulanse og luftambulanse er på vei til staden etter melding om ei arbeidsulykke. Ein arbeidar har fått ei tømmerklo i hovudet, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt kl. 11.30.

Politiet opplyser at personen skal ha svimt av fleire gonger.

– Tilstanden er uviss per no, seier operasjonsleiar.

Klokka 11.47 er politi og ambulanse framme på staden, og pasienten er då vaken, ifølge operasjonsleiar. Klokka 11.49 landa luftambulansen på staden.

I ei oppdatering klokka 12.02 opplyser politiet at ulykka skal ha skjedd på privat adresse.

– Det var ingen vitne til uhellet, seier operasjonsleiar.

Pasienten blir flydd til sjukehus.

– Han var vaken og tilsnakkande. Naudetatane er ferdige på staden, seier politiet.