– Har du ei hytte der standarden er omtrent som heime, er det ikkje store forskjellar i kjøkkenvanane eller risikoen for matforgifting. Hytter med enklare standard kan by på utfordringar, seier forskar Valérie Almli i Nofima, som har leidd ein studie om nettopp hytteliv og magesjuke.

Ho fortel til forskning.no at mangel på rennande vatn og elektrisitet påverkar mattryggleiken, både fordi vi endrar rutinane våre og fordi det er avgrensa moglegheiter for kjøling og oppvarming.

Vel halvparten av dei spurde har hytter der standarden er omtrent som heime, altså høg standard. Omtrent ein tredel av straum på hytta, men ikkje rennande vatn. Ein av seks har hytte med korkje straum eller innlagt vatn.

På ei hytte med høg standard er risikoen for matforgifting omtrent som heime. I motsett ende er tala for opphald på hytter utan korkje straum eller vatn. Det er fire gonger fleire som blir magesjuke av opphald på ei slik hytte enn om dei er heime eller på ei hytte med høg standard. Risikoen er tre gonger høgare når hytta har straum, men ikkje innlagt vatn.

Det er spesielt tre ting som påverkar mattryggleiken. Det er hand- og oppvaskhygiene, moglegheiter for varmebehandling og kjølefasilitetar.

(©NPK)