– Dette håpar vi vil auka valdeltakinga, ikkje minst blant dei yngre veljarane, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen i ei pressemelding.

Alle som er over 15 år kan for fyrste gong stemme på sin eigen mobiltelefon eller pc. Den digitale valløysinga er omfatta av fleire sikkerheitsvedtak og følgjer anbefalingar frå Europarådet mellom anna.

– Med denne løysinga kan alle stemme når dei vil, og kor dei vil fram til 6. september. Det gjer det endå enklare å vere med og påverke det største medlemsdemokratiet i landet, seier Nilsen.

Digital førehandsstemming krev at veljaren kan identifisere seg digitalt, med til dømes BankID.

– Vi håpar mange av dei tre millionar medlemmene vil delta og seie meininga si og gje støtte til dei folkevalde i kyrkjene dei neste fire åra. Ved å delta kan ein òg gje tilleggsstemme til personar ein er einig med.

Den ordinære kyrkjevaldagen er 11. september.