Hensikta er å øve på å planlegge, koordinere og gjennomføre formasjonsflyging med fleire fly. Flya planlegg også å legge seg i ein julestjerneformasjon over delar av landet for å markere slutten på året. Dette har vore en tradisjon for luftforsvaret i flere tiår, skriv Luftforsvaret i ei pressemelding.

– Å fly i formasjon krev solide ferdigheiter. Det er god trening og øving for flygerane. Julestjerneformasjonen på slutten av året har blitt ein fin tradisjon, seier Rolf Folland, sjef Luftforsvaret.

Flygninga vil bli gjennomført etter gjeldande regelverk for lågtflyging. Kampflya vil ligge på ei høgde over bakken mellom 1.000 til 3.000 fot. Helikoptre og skulefly vil kunne gå ned til 1.000 fot.

– Vi ønsker alle ei fin førjulstid, avsluttar Folland.

Luftforsvaret informerer også om at det ikkje er lov med bruk av droner i samband med formasjonsflyginga.

Ifølge flyprogrammet vil juleformasjonen fly med opptil tre fly over Måløy klokka 11.00 fredag.

Fem minutt seinare vil ein kunne sjå dei over Florø.