– Vi har ei hending som vi jobbar med å kartleggje med underleverandøren vår. Det har vore noko nedetid og uro, seier administrerande direktør Bent Inge Storheim i Acos, som leverer nettenester til ei rekkje kommunar og fylkeskommunar, til NRK.

Dagbladet melde om saka først.

Storheim seier det er for tidleg å seie om det dreier seg om eit dataangrep.

– Folka våre sit og ser på saka no, og dette har høgaste prioritet, opplyser han.

Pressevakt Marit Hverven ved Nasjonalt tryggingsorgan stadfestar overfor Dagbladet at dei er kjende med saka.

Nettsida til Viken fylkeskommune var nede like før klokka 10.30 fredag, skriv avisa. Denne sida er open igjen like før klokka 11.

– Vi må undersøkje kva som ligg bak, seier pressevakt Jan Ivar Bøe i Viken fylkeskommune.

Dagbladet har prøvd å komme inn på nettsidene til fleire kommunar, og fleire er nede.

Nettsidene til kommunane Midt-Telemark og Nome var nede fredag formiddag som følgje av tenestenektangrep, skreiv Varden i morgontimane fredag. Desse er opne igjen.