– Vi tok beslutninga om å legge om delar av produksjonen til økologisk i år 2020, der fyrste utsettet av økologisk smolt skjedde i 2021. Med utgangspunkt i avgjerda vi tok, vil om lag 20 prosent av vår årlege produksjon vere økologisk laks, som igjen betyr ca. 1500 tonn årleg, forklarar dagleg leiar ved Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten.

Men først: Kva er eigentleg ein økologisk produsert laks? Det er det ingen heilt spikra fasit på på verdsbasis, då ulike produksjonsmiljø vektlegg ulike øko-aspekt i produksjonen sin. Men for Vassbotten & Co er det desse føringane som gjeld:

– Verksemda må sertifiserast av organisasjonen Debio og følgje deira forskrifter og standard

– Laksen skal ha meir plass, og det betyr færre laks i kvar merd

– Fiskefôret skal ha høgare andel marint innhald, og dermed mindre vegetabilske planteoljar

– Den vegetabilske delen av fôret må vere produsert økologisk

– Det kan ikkje nyttast genmodifiserte plantar i fôret, såkalla GMO.

Når det gjeld det siste punktet, strekar Vassbotten under at slike produkt heller ikkje blir nytta i fôret til den tradisjonelt produserte laksen.

Dagleg leiar av Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten. Foto: privat

Vil liggje i forkant

Men kva får ein oppdrettar til å leggje om til slik drift, der kvar femte produserte laks skal vere både meir tidkrevjande og dyrare å produsere? Svaret på det er litt samansett.

– Så langt er det ikkje så mange produsentar som lagar økologisk laks. Men det finst ein nisjemarknad der ute for eit slikt produkt. Og vår vurdering er at den er veksande, særleg nord i Europa, seier Vassbotten, og held fram:

– På Steinvik har vi ein iver etter å utvikle oss og sjå framover. Vi vil tilpasse oss det som vi trur marknaden vil ha meir av i åra som kjem. Andre grunnar er interessa i det å samanlikne og sjå om dette med eit anna type fôr og ekstra stor plass i merdane gir positive effektar for fisken. Trivast laksen meir i denne produksjonsforma, er dette viktig erfaring for oss med hensyn korleis vi tilrettelegg drifta vår, seier Erlend.

Økolaksen skal ha betre plass i merdene enn tradisjonell laks. Erfaringane dei gjer seg rundt effekten av dette, kan også kome den tradisjonelle produksjonen til gode, meiner Erlend Vassbotten.  Foto: Steinvik Fiskefarm

– Kva er prisane i marknaden på eit økoprodukt kontra tradisjonell oppdrettslaks?

– Prisen varierer. Prisen for økologisk laks har til no vore noko betre betalt samanlikna med tradisjonell laks. Det bør den også helst vere, då det er vesentleg dyrare å produsere i denne produksjonsforma. Fôret, som er den største kostnadsdrivaren, har ein høgare pris.

Har prøvesmakt

– Viss økologisk produksjon er meir plasskrevjande – kan den då ha ei framtid viss utviklinga går mot meir produksjon i lukka anlegg, dels på land?

– Eg kjenner ikkje spesifikt til reglementet her. Men om det er same kravet til tettleik her som i sjø, vil eg tru at dette vil legge beslag på kapasitetsutnyttinga til oppdrettarane. Det er, slik eg forstår det, vesentleg mindre volum i eit kar på land og i dei fleste lukka anlegg om ein samanliknar dette med ei merd i sjø. Om kravet til tettleik er det same, trur eg at den økologiske produksjonsforma fort blir dyr å gjennomføre og ikkje økonomisk berekraftig. Det vil seie at det fort kan bli dyrare å produsere øko-laksen enn kva ein får betalt for den i marknaden. Men det blir førebels litt synsing frå mi side, strekar Vassbotten under.

Meir fiskesmak, og noko raudare i kjøtet. Det er dommen til fleire som har testa ut økologisk produsert laks.

– Somme hevdar økolaksen har ein meir distinkt laksesmak, kanskje meir lik villaks. Har du smakt den sjølv, og kva synest du?

– Vi slakta det første partiet for nokre veker sidan, og då hadde vi ein liten smakstest internt i bedrifta. Det var blanda tilbakemeldingar på om denne laksen skilte seg ut. Konklusjonen var i alle fall at den var veldig god!