For Fjordenes Tidende vart 2022 eit år med mykje fokus på samfunnsoppdraget og politiske prosessar. Dette førte til at vi fekk til nye og spennande redaksjonelle samarbeidsprosjekt. 2022 vart også året der vi tok nye digitale steg, og vi har lært mykje dette året.

Fjordenes Tidende fekk i 2022 ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. 1. februar starta Håvar Fagerli i stillinga som eineleiar i Fjordenes Tidende. Svanhild Breidalen var fram til 1. februar konstituert eineleiar, og gjekk då tilbake til stillinga som redaksjonssjef.

Situasjonen i samfunnet rundt oss påverkar også Fjordenes Tidende. Då pandemien vart avblåst i februar førte det til liks med fleire eit trafikkfall for oss. Krigen i Ukraina gjorde at det i samfunnet vart eit fokusskifte frå det lokale til internasjonale. Prisvekst og rentehevingar råkar lesarane våre, og då påverkar det også oss.

Vi er fire journalistar, ein redaksjonssjef og ein redaktør i redaksjonen. Fjordenes Tidende har eit komplekst dekningsområde, der vi blant anna dekker kommunane Kinn, Stad og Bremanger. Dette i tillegg til ei offensiv digital satsing og fornying, krev det mykje frå redaksjonsmedlemmane i Fjordenes Tidende.

I 2022 har vi prøvd å organisere oss med ei tydlegare ansvarsfordeling i redaksjonen. Ei slik organisering kan også vere sårbar, derfor har vi også prøvd å rigge oss slik at vi kan overlappe kvarandre. Dette er ein kontinuerleg prosess som vi skal halde fram med i 2023.

Under landsmøtet til LLA i mai vart Fjordenes Tidende kåra til Årets lokalavis.

Vi jubla over å bli Årets lokalavis. Det har motivert oss til å utvikle oss og bli endå betre. Foto: Kari Midtgård Råsberg

Fakta om Fjordenes Tidende:

  • Samla opplag: 4.598

  • Utgjevarstad: Måløy i Kinn kommune

  • Daglege lesarar totalt: 9.827

  • Daglege lesarar på nett: 6.360

  • Daglege lesarar på mobil: 5.023

  • Papirutgåve: Tysdag og fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 6

  • Tal på sider produsert: 3.700

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonsar: 83/17

  • Leiarartiklar: 65

  • Kommentarar: 0

  • Lesarinnlegg på nett: 390

  • Tal på refuserte lesarinnlegg: 52

  • Gjestekommentarar: 40

  • Kronikkartiklar: 0

Håvar Fagerli starta i stillinga som ansvarleg redaktør og dagleg leiar 1. februar 2022. Foto: Seline Larsen / Fjordenes Tidende

Mål og prioriteringar:

For Fjordenes Tidende er det viktig å vere synleg og engasjert i lokalsamfunnet. Vi skal vere nær, tett på og bry oss. Måla våre er å sette dagorden, engasjere, få fram «vanlege» menneske, ha variert kjeldebruk og la så mange som mogleg i vårt lokalsamfunn kome til orde. Vi skal spegle samfunnet, fortelje suksesshistoriene, men også synleggjere det som ikkje lukkast.

Digitalt fokus

Fjordenes Tidende tenker digitalt, og det er eit stort digitalt fokus i heile mediehuset. Den digitale tanken gjennomsyrer alle prosjekt, og dette er ein felles tankegang som både marknadsavdelinga og redaksjonen har omfamna. Det er ei stor interesse for å utvikle oss vidare, og i 2022 meiner vi at vi har tatt nye steg.

Paraplyen for den digitale satsinga er nettstaden vår, fjt.no. Vi er stolt av fjt.no. Samtidig er vi alltid på jakt etter å gjere nettstaden vår endå betre. I 2022 hatt eit endå større fokus på frontredigering, både med titlar, bilde og video på front. Vi har i 2022 tatt nye digitale steg for å gjere fjt.no endå betre, både med journalistisk innhald, fleire element og ei god brukaroppleving.

Vi er ein gjeng som ikkje er redd for å kaste oss ut i noko vi ikkje har gjort før. Det er ikkje alltid det blir ein suksess, men det gjer i alle fall at vi stadig lærer noko nytt. Redaksjonen tel fire journalistar, ein redaksjonssjef og ein redaktør, og vi er alle med på å føre den digitale utviklinga vidare i Fjordenes Tidende. Her er noko av det vi har gjort i 2022:

Direkterapportering frå kommunale møter på fjt.no

24. mars 2022 hadde vi vårt første livestudio på fjt.no, der vi rapporterte direkte frå formannskapsmøte i Stad kommune. Dette var ein ny måte for lesarane våre å følgje eit politisk møte på, og det fekk ei svært god mottaking. Vi dekker fleire kommunar, og 7. april gjorde vi det same i kommunestyremøtet i Kinn kommune.

I løpet av 2022 har vi gjennomført tolv slike direkte rapportar frå møta til Stad og Kinn kommunar. Under siste kommunestyremøtet i Stad, var det rot med røystinga, og då var det ein stor fordel å kunne rapportere direkte for å få fram dramatikken i møtet. Direkterapporteringa på fjt.no som hadde mest trafikk var frå kommunestyremøtet der det skulle stemmast om reversering av Kinn.

Ny satsing på podkast, Tidendes pod

I desember 2022 vart Tidendes pod lansert. Tidendes pod er podkastsatsinga vår, og alle podkastar i fjt.no blir lagt under paraplyen Tidendes pod. Alt er spelt inn i vårt eige studio og produsert av oss sjølv. Her er nokre podkastar som kom ut i 2022: Ola Teigen (11.12.22), Julianne Flølo (18.12.22), Per Olav Sølvberg (30.12.22).

Julianne Flølo var andre gjest ut i Tidendes pod. Foto: Kjellrun Åsebø

Strøyming

I 2022 har vi hatt direktesending frå alle kampane til Måløy fotballklubb, både heime- og bortekampar. Dette gjorde vi også i 2021, men i 2022 har vi utvida med å også strøyme nokre av kampane til damelaget til Måløy FK. I tillegg har vi hatt kommentator på sendingane.

16. mai prøvde vi oss også på fleirkameraproduksjon, kommentatorar og reporter på indre bane under fotballfesten og det store lokaloppgjeret mellom Måløy og Bremanger.

15. februar 2022 strøyma vi ungdomskonferansen Framflyt (del 1, del 2), der alt ikkje gjekk etter planen. Dette var noko vi lærte av til framtidige prosjekt.

Magasin

I 2022 gav vi ut følgande magasin: Hus og heim (produsert for Nordfjordsamkøyringa av Fjordenes Tidende). Havsalt sommar (Eige sommarmagasin). Hav av moglegheiter (i samarbeid med Firdaposten).

Videosnuttar

Vi har eit mål om at sakene på fjt.no skal innehalde fleire element, og prøver så godt det let seg gjere å ha ein miks av foto, tekst, video. I 2022 har fleire av oss i redaksjonen prøvd seg med mikrofon framfor kamera. Vi har etter kvart blitt tryggare på dette, og prøver å by litt oss sjølve. Her er nokre døme på videoinnslag på fjt.no i 2022: Brødrene Kråkenes, Framflyt, Håkon og Honningbarna, Festivalsjefen, Handlar lokalt, Ti på gata, Før kommunestyremøtet, Slipsknuten, Nokon å glede

Cruiseanløp vart populært

02.05.2022 var ein historisk dag då det første cruiseskipet la til kai i Måløy. Fjt.no sende direkte frå innseglinga. Vi hadde lest oss opp, og stilte med kommentator/programleiar då MSC Magnifica kom til Måløy tidleg på morgonen. Vi heldt fram med direktesendinga heilt til skipet reiste frå Måløy ut på kvelden. Sakte-TV på fjt.no viste seg å vere populært. Vi var også på kaia då skipet tok farvel med Måløy.

Gjennom heile cruisesesongen brukte vi aktivt webkamera våre både i Måløy, på Kråkenes, Vestkapp og Nordfjordeid i kombinasjon med skipstrafikken på fjt.no. Dette er eit tilbod som lesarane våre likar å bruke.

Aktiv bruk av webkamera på fjt.no har vi gjort i fleire år, men i 2022 vart webkamera meir aktivt brukt og styrt meir mot spesielle hendingar og objekt. Også andre dreg nytte av fjt.no sine webkamera.

Redaksjonslokala ligg i Måløy. På bildet kan ein sjå lokala litt til høgre for cruiseskipet. Foto: Thomas Hagen / Galleri H

Samspel med lokalsamfunnet

Fjordenes Tidende har som mål å spele på lag med lokalsamfunnet. Vi stiller opp når skuleklasser vil lære meir om korleis det er å lage avis. Då er det kjekt at opplæringa også skapar eit produkt som blir delt over heile landet.

Fjordenes Tidende har eit arkiv i lokala våre som har vore mykje nytta av lokalbefolkninga og andre interesserte. I 2022 digitaliserte vi arkivet i samarbeid med Nasjonalbiblioteket slik at endå fleire kunne få glede av alle utgåvene til Fjordenes Tidende tilbake til 1910. Vi laga i samband med det ein video med ei lita brukarrettleiing.

Fjordenes Tidende har i fleire år hatt ein tradisjon med å gje ei julestjerne før jul nokon som gjer noko til glede for andre. I 2022 gjorde vi endå meir ut av «Nokon å glede», og dette vart Fjordenes Tidende sin julestjernekalender. Kvar dag fekk lesarane bli betre kjent med dei som fekk julestjerne. Dette skapte også godt med engasjement på både Instagram og Facebook.

Magnus Svoren var ein av dei som fekk julestjerne med Fjordenes Tidende. Foto: Håvar Fagerli

I løpet av året er det mange arrangement i området vårt. Vi prøver å vere til stades og formidle folkefesten, gjennom både bilde, video og tekst. Her kan de sjå litt frå dekkinga vår av Malakoff Rockfestival og Strandfestivalen. Vi prøver også av og til å vere litt personlege i bildetekstane, del 1 og del 2.

Avisa si samfunnsrolle

Vi dekker hovudsakleg dei tre kommunane Kinn, Stad og Bremanger. Det er krevjande å dekke tre ulike kommunar på ein god måte. Spesielt utfordrande vart det i 2022, som vart eit år med mykje fokus på politiske prosessar og samfunnsoppdraget vårt. Prosessen om eventuell reversering av Kinn kommune kravde mykje tid og ressursar frå alle i Fjordenes Tidende.

Debattklimaet har alltid vore tøft og direkte i ytre Nordfjord, og det spissa seg verkeleg til i 2022debatten om Kinn kom på bana igjen. Vi gjekk då saman med Firdaposten, den andre lokalavisa som ligg i Kinn kommune, og oppfordra til å bruke «innstemme» i den vidare debatten.

For å leve opp til samfunnsoppdraget og gi innbyggjarane eit best mogleg utgangspunkt for å røyste i folkerøystinga om ei eventuell deling av Kinn kommune oppretta vi eit samarbeid mellom Fjordenes Tidende og Firdaposten. Samarbeidet om Kinn-prosessen fungerte veldig bra, heilt frå oppstarten 15. juli og fram til avslutninga 8. september.

Prisar

Landslaget for lokalaviser:

Årets lokalavis

Årets digitale satsing (heiderleg omtale)

Styreleiar Frank Emblem og konstituert redaktør Svanhild Breidalen tok imot prisen som Årets lokalavis på vegner av Fjordenes Tidende. Foto: Kjellrun Åsebø

Journalistfagleg utvikling

Fire redaksjonsmedlemmar har delteke på redaksjonelt kompetansekurs i regi av Sunnmørsposten i samarbeid med Institutt for Journalistikk.

Heile redaksjonen har i 2022 gjennomført kurs i redaksjonell utvikling i regi av Polaris Media.

Gjennom redaksjonelt samarbeid med andre mediehus har vi lært mykje som vi har tatt med oss vidare.

Redaksjonsmøta brukar vi også til læringsøkter, faglege og etiske diskusjonar, evaluering, positive tilbakemeldingar og tips til kvarandre om korleis vi kan bli betre.

Etikk

Fjordenes Tidende vart ikkje meldt inn til PFU i 2022. Vi tek etikkdebatten i redaksjonen jamleg, både frå sak til sak, men også som faglege og meir overordna diskusjonar.

Foto: Fjordenes Tidende, 7. januar 2022

Kjelder

Vi har som mål å ha ei stor breidde av kjelder, men i 2022 vart det nokon som gjekk meir igjen enn andre. Spesielt under Kinn-prosessen var det ei stor utfordring å få fram så stor variasjon av kjelder som vi skulle ynskt.

Ein gjeng som fekk mykje spalteplass i Fjordenes Tidende i 2022 var administrativ og politisk leiing i Kinn kommune. Frå venstre kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen, ordførar Ola Teigen og kommunestyrerepresentant Jakob Nødseth. Foto: Kjellrun Åsebø
8. mars hadde vi sjølvsagt berre kvinner på framsida og fronten på fjt.no. Foto: Faksimile Fjordenes Tidende, 8. mars 2022

Mest leste saker

Mest leste saker på fjt.no i 2022 (visningar i parentes):

Dei sakene som vart klart mest lest på fjt.no i 2022 var det faste innhaldet som: Dødsannonsar (215.825), skipstrafikken (196.828), webkamera (133.399) og eigedomssal (74.120).

5) Daniel (24) blei lam frå nakken og ned etter ulukka (47.411)

6) «Det er først når de enorme ressursane …» (36.142)

7) Sportsstudio (34.091)

8) «Hva faen skal vi med Stad skipstunnel?» (16.233)

9) Mann skal vere alvorleg skada etter ulykke (15.645)

10) Mann omkom etter arbeid med trefelling (13.539)

11) Kai ville tulle litt med naboen (13.069)

Festivalglede etter år med koronarestriksjonar. Foto: Håvar Fagerli

Mest sette videoar:

Katta ute av sekken: Subwoolfer avslørt framfor 250 pressefolk

Ekstra beredskapstiltak då cruiseskipet skulle legge til kai

No har båten gått frå kai, men om du føler for det kan du sjå nesten ti timar med opptak her

Sjå filmen: Merethe fekk Fjordenes Tidende med på å overraske gjengen på jobb

Håkon fekk ei heilt spesiell oppleving saman med Honningbarna

Cruiseanløp med ekstra spenning: – Reiarlaget følgde med frå London

Reportasjen om 24 år gamle Daniel var ei av dei mest leste sakene i 2022. Foto: Kjellrun Åsebø

Dei viktigaste sakene

På starten av året sette Fjordenes Tidende fokus på trafikktryggleik og sikker skuleveg med fleire artiklar og leiar om temaet. Då er det kjekt å avslutte året med ei oppsummering av trafikktryggingstiltaka som vart gjort i løpet av 2022.

Prosessen om eventuell reversering av Kinn kommune prega sommarhalvåret.

Fjordenes Tidende jobbar aktivt med å få innsyn og følge med på kommunane vi dekker. Ei sak som fekk mykje merksemd var om Stad kommune og deira arbeidsmetode i budsjettprosessen. Vi følgde opp saka, samtidig som vi gjorde ei kartlegging av nabokommunane.

Skram skole, barneskulen i Måløy, har vore ein følgjetong i Fjordenes Tidende, og vart det også i heile 2022. Det har til tider vore vanskeleg for oss å få kommunen i tale om saka, og denne saka var ei av dei.

Vi vil også trekke fram nokre av reportasjane og nære møte med menneske vi har hatt i 2022: Agate, Daniel, Sigurd, Siv, Magnus, Walid

Bilde frå ein av reportasjane våre: Sigurd Reksnes (45) og kona Jagoda (42) jobbar med å ta kvardagen tilbake for seg sjølve og familien etter at Sigurd fekk ein alvorleg beskjed i desember. Ein beskjed som gjorde at livet måtte nullstillast. Foto: Kjellrun Åsebø

Spørsmål fra Polaris-stiftelsen

1. Offentlighetsloven og innsynsretten er kanskje pressens beste redskap for å oppfylle sitt samfunnsoppdrag. Hvilke erfaringer har redaksjonen med journaljakt? Blir det praktisert? Møter dere motstand fra kommuneadministrasjonen eller andre?

Vi brukar journaljakt aktivt opp mot dei tre kommunane og fylkeskommunen vi dekker. Dette har vi gode rutinar på, og ber om innsyn når det er behov for det. Vi merkar at det er noko skilnad på openheit mellom dei ulike kommunane vi er i kontakt med. Det hender at vi møter noko motvilje fordi dette kan medføre meirarbeid for dei vi ber om innsyn frå.

Det har i 2022 vore ingen som har direkte stoppa oss eller motarbeidd oss, men vi har registrert at ein av kommunane kan ha eit problem med openheit og måten dei kommuniserer på. Dei i redaksjonen som har gått gjennom redaksjonelt kompetansekurs merkar at dei har blitt sterkare rusta til å drive journaljakt.

Konserntilhørigheten innebærer mange fordeler, særlig med tanke på den digitale transformasjonen, men også på en rekke andre måter. Men kan det være fare for at avisene blir for like? Er det fare for at lokalt særpreg, egen redaksjonell profil og originalitet går tapt? Er innholdsutviklere på konsernnivå blitt konkurrenter til redaktørene? Er mediemangfoldet truet?

Vi opplever at vi står fritt og får skape vår eigen redaksjonelle profil. Det er både fordelar og ulemper med utveksling av redaksjonelt stoff. Vi brukar noko tid og ressursar for å tilpasse slikt stoff med ei lokal vinkling og tittel. Det er viktig for oss at vi er trufast mot identiteten vår, men det kostar å skilje seg ut. Å ha ein eigenart når ein er i eit konsern kan vere fordyrande.

På det visuelle uttrykket saknar vi meir fridom, både på fronten av fjt.no og i papiravisa. Her ser vi at vi kan bli for like, og med det kan mangfaldet vere truga.

Baneheia-saken og Birgitte Tengs-saken minner oss om rettsstatens skjørhet og om viktigheten av kritiske røster og god journalistikk. Hva er redaksjonens reaksjon på denne og lignende type saker? Bidrar disse sakene til bevisstgjøring, ikke minst om kriminal- og rettsjournalistikken?

Vi prøver alltid å vere på vakt. Vi skal alltid vere kritisk til kjeldene vi brukar, uansett om det er kommunedirektøren, politisjefen, domstolen eller andre. Det kan bli gjort eller sagt feil, og det er vår jobb å passe på.