– 8. mai er dagen vi feirar fridomen frå okkupasjonen i 1945, og heidrar alle våre veteranar og deira innsats for Noreg. Dagen blir tradisjonen tru markert på den gamle eksersis- plassen på Nordfjordeid, ved minnesmerket Sørgande Mor til minne om dei falne frå Nordfjord i andre verdskrig, heiter det i ei pressemelding.

Arrangementet startar med opptog/ defilering frå Eid kyrkje, gjennom gata, til markeringa på Eksersisplassen. Der vil det i tillegg til markering av Frigjerings- og veterandagen også bli ei markering av den Internasjonale Røde Kors-dagen.

– I forkant av markeringa er det lagt ned eit stort tal dugnadstimar for å gjere Eksersisplassen klar til frigjeringsdagen og alle andre arrangement som skal vere her i sommar. Dette omfattande dugnadsarbeidet er leia av Plassens Venner, heiter det i meldinga.

Det er også Plassens Venner som står for festen etter markeringa ved Sørgande Mor. I og ved dei gamle husa på Eksersisplassen vil det vere festdekka bord for sosialt samvær.