4 porsjonar:
Kjøtbollar:
105 g brødsmular
0,5 dl fløyte
250 g kjøtdeig av svin
500 g kjøtdeig av storfe
1 lauk
½ ts. malen muskat
1 ½ ts. salt
½ ts. malen kvit pepar
50 g smør
Tytebærsyltetøy og sylta agurk til servering
Fløytesaus:
50 g smør
35 g mjøl
3 dl oksekraft
1,5 dl fløyte
Potetmos:
800 g melne poteter
1 ss salt
200 g smør
2,5 dl H-mjølk
Havsaltflak
Kjøtbollar: Set omnen på 200 grader.
Legg brødsmulane i ein stor bolle, hell fløyta over. La brødsmulane stå og trekke i nokre minutt. Tilsett svine- og oksekjøtdeig, raspa/finhakka lauk, muskat, salt og pepar og rør saman. Legg bakepapir i ei langpanne og set kjøtbollane i panna. Fyll på litt vatn og steik i 10–15 minutt. Kjøtbollane skal vere akkurat gjennomsteikt. Smelt smør i ei god steikepanne og steik kjøtbollane. Lag fløytesausen i same panna utan å vaske den først.
Fløytesaus: Ha steikepanna på middels varme, tilset smør og dryss over mjølet. Rør til blandinga har fått litt brunfarge. Tilsett kraft og kok opp. La det småkoke i to minutt. Rør inn fløyta og smak til med salt.
Potetmos: Kok potetene møre. Hell av vatnet og la potetene dampe godt før du mosar dei og tilset smør, rør om og ha i litt og litt mjølk til passe konsistens. Smak til med salt. Server med tytebærsyltetøy og sylta agurk.