Krav til sporingsutstyr om bord på taretrålarane er eit ønskje frå Fiskeridirektoratet som bruker mykje tid på spørsmål om korvidt desse båtane er innanfor eller utanfor lovleg område.
Regiondirektør Hans Haddal sa på informasjonsmøtet om tareforvalting i Florø sist veke at åtte av ti som vender seg til Region Vest om tarenæringa tar opp spørsmål om kor vidt taretråling som pågår skjer innanfor lovleg område.
Når direktoratet mottar meldingar om ulovleg taretråling, reiser ein ut og går om bord i den aktuelle trålaren og les av kartboka.
Kontrollen er veldig begrensa, og han er på dette nivået, sa Hans Haddal, til Geir Magne Røys i Bremanger Fiskarlag, som spurde om kva kontroll som er av taretrålingsfartøya i dag.
Haddal meiner at det er fordi taretrålarar arbeider så kystnært og er så synlege, at mange er opptatt av kontrollen med dei og kjem med meldingar.
Geir Magne Røys peika på at dersom taretrålarane hadde hatt sporingsutstyr, kunne ein unngått krangel.
Les meir frå møtet om taretrålinga i papiravisa måndag 21. februar.