Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Vi som kjem frå dei raudgrøne partia er tindrande klåre på at det ikkje skal skje. Helse Førde sitt vedtak kan ikkje bli ståande. Det er heilt utenkjeleg. Det som er trist er at regjeringa i denne saka har malt seg sjølv opp i eit hjørne, sa Ingrid Heggø.

Heggø viste til at vedtaket i helseføretaket er i strid med Soria Moria 2 og det er i strid med innhaldet til programma vedtekne av alle dei tre regjeringspartia.

Vedtaket er også i strid med det som helseminister og Storting har sagt skal vere gjeldande helsepolitikk i landet, sa ei engasjert Ingrid Heggø.

Ho gav klår beskjed om at ein ikkje kunne gjere om velfungerande lokalsjukehus til distriktsmedisinske senter slik Helse Førde har kome med forslag om og at det er opp til Stortinget og ikkje Helse Førde å bestemme kva helsepolitikk som skal førast i landet.

Eg reknar med at Helse Vest, som helseministeren og vi skal halde oss til, har fått med seg dei signala som er komne frå regjering og helseminister i denne saka. Ingen lokalsjukehus skal leggast ned, sa Heggø.

Stortingsrepresentanten frå Høyanger viste til at vedtaket i Helse Førde hadde skapt unødig uro og frustrasjon mellom både innbyggjarar i Sogn og Fjordane og tilsette i helseføretaket og at ein ikkje kunne ha det slik.

Når det gjeld modellen med helseføretak viser det som skjer i Helse Førde, og andre stader, at modellen har spelt fallitt og at vi må få noko som fungerer, sa Heggø.

Ho viste til at det ikkje var grunnlaust når Helse Vest hadde eit ekstra auge med Helse Førde sidan det var dette føretaket som var suverent dårlegast på konsekvensutgreiingar av eigne vedtak.

Vi må no slutte å snakke butikk og sjå på pasientane sine behov, sa Heggø.

Ho gav beskjed om at eit helseføretak ikkje kunne bryte nasjonale føringar og drive å legge ned lokalsjukehus.

Det er ikkje aktuell politikk å legge ned lokalsjukehus og så får det vere eit anna spørsmål kva vi i Ap gjer med styrerepresentantar frå eige parti som ikkje gjer slik partiet og nasjonale føringar seier dei skal, men dette er noko vi får ta internt, sa Ingrid Heggø, med dårleg skjult adresse til Clara Øberg og Harry Mowatt som sit i styret for Helse Førde som sentrale Ap-medlemmer.