Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen lovar å sjå nærare på ønsket om utvida rutetilbod midt på dagen på E39 Lote-Anda.

Ordførarane i Eid og Gloppen har vendt seg til statsråden om ferjekapasiteten og ønske om utvida frekvens på strekninga. No har dei fått svarbrev frå samferdsleministeren, der han påpeikar at han er oppteken av tilbodet minst skal vere i samsvar med kontrakten.

– Sambandet vert i dag trafikkert av ei ferje med kapasitet på 115 pbe. Det er rett at det seinare vil verte sett inn eit fartøy med kapasitet 108 pbe. Kapasitetskravet i gjeldande kontrakt er på 95 pbe. Det nye fartøyet har med andre ord og høgare kapasitet enn det er stilt krav om, påpeikar han.

Eid og Gloppen kommune har mellom anna frykta at det er dårlegare ferje som blir satt inn, og har vist til krevjande vind – og straumforhold.

– Ut frå dei opplysningane eg sit med er det ikkje kapasitetsproblem i sambandet, skriv statsråden, som viser til at Vegdirektoratet opplyser at det er relativt få køyretøy som står over ein avgang, og at 99,88 hadde kome med ønskt avgang per juni 2015.