Det er nok nokon av dei faste brukarane våre på fjt.no som merkar at nettsida vår i dag er endra.
- Vi har gått over til ny internettplattform som opnar for ein god del nye mulegheiter og litt endra utforming, fortel redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.
- Vi har endra litt på utforminga av sida, og plasseringa av ulike element. Vidare har vi ein del nye funkjsonar som vi vil ta i bruk etter kvart. Dei største endringane er at vi no kan presentere videoar og meiningsmålingar. Bildeseriane våre vil også bli presentert på ein annan måte, fortel Wåge.
Brukarane av fjt.no vil kunne vere med å seie si meining om aktuelle spørsmål. Det første aktuelle spørsmålet er om vi treng eitt eller tre sjukehus i Sogn og Fjordane.
- I dag ligg har vi linkar til tre videoar som er laga med stemningsfoto frå distriktet. Har du videoar, eller linkar til videoar som vi kan legge ut på fjt.no, er det berre å sende oss e-post til fjordenes.tidende@fjt.no, seier Wåge.
- Elles så vil nettsida bli oppdatert med korte nyhendeartiklar om ting som skjer innimellom. Dette er ofte kortversjonar av det du kan lese i papirutgåva.
- Skjer det noko der du er, og du kan ta bilde anten med kamera eller mobil, så send dei gjerne til oss, seier Wåge.
Han peikar på at nettet er blitt ein viktig annonsekanal der brukarane kan finne spennande tilbod.