- Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Vi som kjem frå dei raudgrøne partia er tindrande klare på at det ikkje skal skje. Helse Førde sitt vedtak kan ikkje bli ståande. Det er heilt utenkjeleg. Det som er trist er at regjeringa denne saka har malt seg sjølv opp i eit hjørne, sa Ingrid Heggø.
Heggø viste til at vedtaket i helseføretaket er i strid med Soria Moria 2 og det er i strid med innhaldet til programma vedtekne av alle dei tre regjeringspartia.
- Vedtaket er også i strid med det som helseminister og Storting har sagt skal vere gjeldande helsepolitikk i landet, sa ei engasjert Ingrid Heggø.
Heggø gav under det ekstraordinære møtet i Nordfjordrådet, der stortingspolitikarasne også møtte, klår beskjed om at ein ikkje kunne gjere om velfungerande lokalsjukehus til distriktsmedisinske senter slik Helse Førde har kome med forslag om og at det er opp til Stortinget og ikkje Helse Førde å bestemme kva helsepolitikk som skal førast i landet.
Alle kommunane i Nordfjord var representert på møtet, bortsett frå Stryn. Ordføraren i Stryn, som også er leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, melde forfall på grunn av sjukdom.
Les heile saka i papirutgåva måndag 28. juni, og meir frå møtet i Nordfjordrådet der.