– Vi ønskjer å vere med å påverke folk til å velje miljøvenleg og ny teknologi. Håpet er at skulen skal bli eit utstillingsvindauge, fortel prosjektleiar på energi, Svein Lillestøl i Energikompetansesenteret AS.

Verksemda er eigd av næringslivet og kommunen og skal sette fokus på nye teknologiske løysingar. Skulen har leigd inn Energikompetansesenteret til å ta ei undervisningsstilling på elektrolina på den vidaregåande skulen.

Vil lage visingssenter

Det er denne verksemda som har montert solcelleanlegget som består av 16 panel som kan levere inntil 4,2 kilowatt med kortreist straum.

Skulen og Energikompetansesenteret jobbar no med å lage eit visingssenter for fornybar energi og nye tekniske løysingar i garasjeanlegget ved skulen på Nordfjordeid.

Har montert vêrstasjon

Energikompetansesenteret har fått med seg Universitetet i Bergen på prosjektet.

– Dei har plassert ein vêrstasjon på taket der solinnstråling, temperatur, nedbør og vind vert registrert og logga på ein server med web-grensesnitt, fortel Lillestøl.

– Vi har invitert brannvesenet til synfaring og oppmoda dei om å kome med innspel på korleis dei ønskjer at sikkerheita rundt slike anlegg skal vere, seier Lillestøl, og fortset:

– Elevane jobbar no med å få anlegget presentert på ei webside slik at alle som vil kan følge med på straumproduksjonen til ei kvar tid.

Åtvarar mot useriøse aktørar

Svein Lillestøl åtvarar dei som er interessert i solcelleanlegg mot mange useriøse aktørar på marknaden.

Lillestøl viser til feila som vart gjort då luftvarmepumper kom på marknaden og vart svært populære.

– Menge varte ikkje i fem år eingong. Eit solcelleanlegg som er garantert å produsere minst 85 prosent av det det gjorde som nytt etter 25–30 år utan vedlikehald eller service, må vere av god kvalitet og monterast av kyndige fagfolk, seier prosjektleiaren.