Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet vil no legge bak seg Arbeidarpartiet sin snuoperasjon under forhandlingane i Selje. Det meiner dei er det beste for samarbeidsklimaet i kommunestyret i den komande perioden.

– Det vi treng meir enn nokon gong er eit klima i kommunestyresalen som gjer at vi kan jobbe saman og ha tillit til kvarandre. Det er den einaste måten vi kan få kommunen ut av den vanskelege økonomiske situasjonen den er i. Då må vi kunne stole på at avtalar faktisk gjeld, skriv partia i ei pressemelding.

I meldinga kjem det også fram at dei tre partia er skuffa over at Ap allereie måndag braut den skriftlege avtalen dei signerte søndag kveld.

– Det som ein på søndag kveld trudde var ein fleirtalskonstellasjon, var det plutseleg ikkje likevel. Dette trass i at ein hadde ein underskriven politisk avtale.

Pressemeldinga er signert Geir Årvik (H), Kenneth Brandal (H), Gunn Sande (Sp), Kjetil Friberg (Sp), Marita Aarvik (Frp) og Anfinn Sjåstad (Frp).

– No må vi få ro, og i fellesskap jobbe med dei utfordringane Selje kommune står overfor. Dette til beste for innbyggjarane våre og i tråd med den tillit dei har vist oss ved å gje oss si stemme i valet, heiter det i pressemeldinga.