Ei kvinne blei søndag formiddag frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter eit fall på Kråkenes i Vågsøy kommune.

Dette bekrefter AMK i Førde.

Ambulanse og brannvesen rykte ut til staden.

Søndag kveld kunne AMK informere om at kvinna er lettare skadd.