Aktor, politiadvokat Knut Broberg, la ned påstand om seks månader fengsel for dei tiltalte i rettssaka etter dødsulykka på riksveg 15 i Eid då rettssaka vart avslutta i Fjordane tingrett fredag.

Broberg sin påstand var at halve straffa skulle vere på vilkår.

I tillegg prosederte aktor på tap av førarkort i fire år for sjåføren og sperrefrist like lenge for eigar av bilen for å ta førarkort.

Politiadvokaten bad retten ta omsyn til at dei tiltalte er unge og at dei begge har mista nære kameratar.

Familien til den eine av dei to som omkom i ulukka sette via bistandsadvokat fram krav om oppreising og erstatning på 150.000 kroner frå kvar av dei tiltalte.

Les heile saka i papirutgåva måndag 14. februar.