– Eg er veldig godt fornøgd med at vi har fått til ei ordning. No set vi ned prisane på ruta i Nordfjord, medan takstane sør for Askvoll blir uendra. Samstundes set vi opp prisane noko på Sognebåten, seier Sigurd Reksnes (Sp) i samferdsleutvalet.
Fylkesdirektøren har saman med operatør Norled kome fram til ein modell der ein over to år senkar taksten med i snitt ti prosent på Nordfjordbåten, og aukar taksten med ni prosent i snitt på Sognebåten.
Lik pris innan to år
Ei reise til Bergen frå Selje blir 140 kroner billegare, frå Måløy 110 kroner billegare, frå Leirgulen 135 kroner billegare og frå Smørhamn blir det 130 kroner billegare. Den gjennomsnittlege takstreduksjonen på heile ruta blir på 9,95 prosent.
Tiil dømes blir ei reise til Bergen frå Lavik blir 110 kroner dyrare, frå Nordeide 115 kroner dyrare og frå Sogndal 80 kroner dyrare.
Desse takstane er 2017-takstar. Ordinær prisauke i 2018 og 2019 vil kome i tillegg.
Vedtaket vart gjort med sju mot to stemmer i utvalsmøtet tysdag.