Ifølge operasjonsleiar i Vest politidistrikt var politiet på staden klokka 19.28 måndag kveld for å undersøke.

Det viste seg å vere nokre isoporplater som hadde blitt tatt av vinden.

– Det var ingen skadar. Byggherre på byggeplass blei varsla og overtar, opplyste politiet litt seinare på kvelden.

Eit lavtrykk ved Færøyene nærmar seg kysten av Norge.

– Det kan føre til bølger opp mot ni meter inn mot kysten av Vestlandet frå måndag ettermiddag og kveld. Dei fleste stadar bryt bølgene før dei når land. Folk i småbåt bør likevel vere forsiktig, skriv NRK Vestland.

I Måløy-området er det ikkje like mykje vind. Det er meldt lett bris frå nordvest med vindkast på 13 meter i sekundet måndag kveld.

Her kan du følge med på vêret i området.