Det blei bekmørkt i heile Måløy rett før klokka 20 søndag kveld. Men også fleire stadar blei ramma.

Ein stor feil i Bremanger ramma 3.670 abonnentar i både Bremanger, Nord-Kinn og delar av Stad kommune.

Lyset gjekk på Nord-Vågsøy Saltkjel, Holvik, Almenning, Deknepollen Nordpoll, Flatraket og Barmen i Stad kommune. I tillegg er det registrert ein feil til i Bremanger der til saman 1.068 var ramma.

Det var dermed totalt 4.738 kundar som var utan straum grunna desse to feila.

– I Selje har vi framleis lys, skriv ein innbyggar til Fjordenes Tidende.

Ferja Barmen-Barmsund avlyste siste ferjeturen på grunn av uvêr og straumbrot.

Klokka 20.45 blei det mørkt på Totland også, men Kjølsdalen og Nordfjordeid blei ikkje ramma av straumbrotet.

Ei lita stund kom lyset tilbake i Måløy før det forsvann igjen klokka 20.50. Klokka 21.05 kom så lyset tilbake, men gjekk igjen 21.15.

Ferja mellom Måløy og Oldeide måtte også gje tapt for vêrkreftene. – Avgangane 21.45 frå Måløy og 22.20 frå Oldeide blei kansellert på grunn av vêrforholda, opplyste Fjord1 på vegner av Skyss klokka 21. 27.

Linja var på saka:

– Vi bemannar opp både på driftsentralen og ute i felt for å finne feilen, og vi oppdaterer nettsida vår så snart vi har meir informasjon, seier fagleiar kommunikasjon og berekraft, Christin Hagevik Aare til NRK Vestland.

– Det er sterk vind på kysten og vi har fleire straumbrot. Montørar er ute for å søke etter feil og reparere, skriv Linja på nettsida si søndag kveld.

Talet ramma som følge av den største feilen auka til 4.024 abonnentar mellom 21.30 og 22, medan det framleis var 1.068 som var ramma av den andre feilen. I tillegg kom det ei tredje feilmelding, også i Bremanger, med 552 abonnentar som var utan straum. Dermed var det ein periode søndag kveld heile 5.644 kundar ramma av straumbrot.

Like etter klokka 22 fekk delar av Måløy igjen straumen, og Linja nedjusterte talet på abonnentar utan straum grunna den største feilen frå 4.024 til 3.691. På fastlandet var det framleis mørkt på det tidspunktet.

Per 22.28 var det framleis 5.311 abonnentar utan straum i ytre Nordfjord og Bremanger, men då klokka nærma seg 22.35 var talet minka til 1.641.

Klokka 23.20 var det berre ein feil som stod igjen. Dei to andre var retta opp. 1.620 abonnentar stod då framleis utan straum. Ved midnatt var det 980 kundar som framleis var utan straum.

Men då hadde fleire blitt straumlause andre stadar. Klokka 23.07 blei nemleg 272 kundar i Kinn ramma av eit straumbrot.

– Sannsynlegvis saltdrev. Skal ligge inne, men på grunn av kommunikasjonsproblem blir det ikkje oppdatert på web. Skulle folk framleis vere straumlause ta kontakt, skriv Linja.

Måndag morgon er det berre 89 kundar som framleis er ramma av straumbrot på grunn av den eine feilen i Bremanger.

– Vi har ein feil i nettet på Husevågøy og Gangsøy. Feilsøking startar så snart vi får montørar ut på morgonen, skriv Linja.