Ei grillhytte i nærleiken av Måløykollektivet i Torskangerpollen i Vågsøy brann ned til grunnen i løpet av natt til laurdag.

Politiet fekk melding om brannen klokka 07.40 laurdag morgon.

Brannvesenet rykte ut, men grillhytta var øydelagt.

Det er ikkje meldt om at nokon har kome til skade som følgje av brannen.

Ifølgje politiet kan muleg brannårsak vere nokon som har gløymt å sløkkje ein fakkel.

Politiet vil etterforske brannen måndag.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.