Ein bilførar fekk seg ei klekkeleg bot etter ei stygg forbikøyring på Rv 15 på Totland torsdag ettermiddag.

Ei sivil politipatrulje oppdaga brått ei stygg forbikøyring.

Dei såg det heile, og fekk stansa personbilen, seier operasjonsleiar Eivind Bjørke ved Sogn og Fjordane Politikammer.

Resultatet for den ulovlege forbikøyringa vart 5.200 kroner i bot.