Venstreleiar Kåre Jarl Langeland legg ikkje skjul på at han i alle år har hatt den haldninga at det er fornuftig å orientere samarbeidet sørover, men han understrekar at ei utmelding berre vil skje etter ei grundig vurdering av saka.

– Det er sørover vi er vegfaste. VI har mange samarbeidsprosjekt som knyt seg opp til sørregionen. Eg trur det er rette vegen å gå for Bremanger, seier Kåre Jarl Langeland i Bremanger Venstre, om saka som no skal diskuterast i formannskapet i Bremanger torsdag.

Langeland er likevel klar på at dette ikkje er noko ein gjer utan å tenke seg godt om først.

– Vi må ha ei skikkeleg evaluering og vurdering. Det fortener det. Vi har hatt og har godt samarbeid med Nordfjord, men det er enkelte område der det passar betre for Bremanger å sjå sørover, til dømes når det gjeld samhandlingsreforma og andre helsespørsmål, seier den erfarne politikaren.

Heile saka stod i papirutgåva måndag 13. august.

Formannskapet i Bremanger skal drøfte saka torsdag 15. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende