Den nye musikalen til Eid ungdomsskule har musikk henta frå playlistene til elevane, og har eit kjempestort orkester.
- Dette er musikk som elevar brukar å høyre på, seier Inge Starheim Ytrehus, som spelar tuba i skulemusikalen Livet er eit spørsmålsteikn.
Saman med Ingve Elvebakke spelar han i basslinja i det store orkesteret.
- Vi utgjer grunnmuren i musikken, seier Elvebakke.
Musikksjangeren i musikalen er for ein stor del ny rock og popmusikk. Det vil ungdomsskuleelevane svært gjerne spele.
Det er over tretti elevar i orkesteret, seier Dan Aasebø, som er glad for den store interessa.
To heile veker brukar elevane ved Eid ungdomsskule på musikalen. Det er 110 elevar som er med, og det er rekordmange.
- Vi trur at den store interessa kjem av at elevane får vere med i alle prosessane. Dei har vore veldig engasjerte, seier Dan Aasebø.
Heile saka stod i papirutgåva onsdag 9. februar.