Laila Gangeskar var heime i Måløy i helga for å delta på ei feiring. Foto: Kjellrun Åsebø

Laila har hatt ei ekstraordinær tid på jobb som lærar: – Ingenting var normalt. Det var sterkt og stort, og det gjer noko med deg

Laila Gangeskar har i vår jobba på ein eigen mottaksskule for ukrainske flyktningar i Bergen. – Det er klart det var sterkt å ha elevar som kom frå blant anna Mariupol med det dei har opplevd, seier ho om den ekstraordinære lærarjobben.